|
| |
|
Nytt galleri serverer Nerdrum
Kilde:
www.smp.no |
| |
| Toril Helene Molnes
opnar nytt galleri på Molnes søndag. Ho startar like godt med ein av dei
største nolevande kunstnarane: Odd Nerdrum. |
| |
|
Skrevet av: Stig
Vågnes (onsdag, 13.april 2005 23:04) |
| |
 |
| Toril Helene
Molnes presenterer Odd Nerdrum på Vigra. |
| |
Det er ikkje ofte Odd Nerdrum sin kunst er tilgjengeleg for sal i
Norge. Men no har Toril Helene Molnes brukt sin nære kontakt med
kunstnaren til å få både litografiar og skulpturar til opninga av sitt nye
«Galleri Molnes» på Vigra.
Det er andre gongen Nerdrum-kunst blir seld på salsutstillingar i Norge
sidan 1992, seier Molnes.
Den stolte galleri- eigaren fortel at den kjende, men mediesky kunstnaren,
bur på Island.
Han flytta til Reykjavik i 2002 og sa at han aldri meir ville snakke med
norsk presse. Inntil no har han haldt løfte sitt, seier ho.
Så kunstnaren sjølv kjem ikkje?
Nei, ikkje no til helga, men han har lova å kome på besøk seinare. Han er
visst nyfiken på naturen her ute, smilar ho. Litografiane som er til
sals kostar frå ti til tjue tusen kroner. Skulpturane kostar frå 18 000
kroner og oppover.
Har folk råd til slik dyr kunst?
Ja, enkelte likar kunsten, andre ser på det som ei investering. Men eg
håpar og at folk kjem, om berre for å sjå og, svarar Molnes.
Eg håpar dette skal bli ein ny møtestad for kunst-elskarar. Her kan ein
kombinere frisk luft, fin natur og vakker kunst. Eg må leggje til at eg og
har bilete frå 40 andre kunstnarar og, avsluttar ein stolt galleri- eigar
Toril Helene Molnes.
|
|
Populære Nerdrum-trykk
Kilde:
www.smp.no
|
| |
| Trass i høg prislapp
har litografi av Odd Nerdrum fått bein å gå på. Men skulpturane er få som
interesserar seg for. |
| |
|
Skrevet av:
Bjørn Vatne (onsdag, 27.april 2005 13:04) |
| |
 |
Odd Nerdrum har
solgt fleire trykk og trekt til seg enda fleire skodelystne i Galleri
Molnes på Vigra. Men få vil kjøpe skulpturar.(Arkivfoto)
|
Gallerieigar Toril Helene Molnes kan konstatere at det har vore stor
tilstrøyming til galleriet hennar ytst på Molnes på Vigra. Ikkje meir enn
forventa, når mannen bak utstillinga heiter Odd Nerdrum.
- Eg var viss på at folk kom til å finne vegen ut hit. Han har ein unik
status innan norsk kunst, og eg står fast ved at han er den største
nolevande kunstnaren vi har, seier Molnes.
Det er i all hovudsak litografia folk har fatta interesse for. Dei går for
mellom ti og tjue tusen kroner. Skulpturane, som har ein prislapp på 18.000
pluss, har det vore lite interesse for.
- Sjølv synest eg at desse er dei mest fascinerande. Men det er lite kultur
for skulpturar på våre kanter, folk flest vil ha noko å henge på veggen,
seier Molnes.
Ho trur folk er ivrige etter å skaffe seg Nerdrum-trykk fordi dei veit at
dei jamnt og trutt stig i pris.
- Den typiske kjøparen er nok folk som har skaffa seg ein del kunst frå før,
men eg har også hatt besøk av ein ungdom som aldri hadde kjøpt kunst før.
Han berre måtte ha eit Nerdrum-bilete.
|
|